Joleklokker over jorda,
ring no høgt frå tårn og tind,
ring no ut dei sæle orda:
Fred frå Gud i alle sinn!
Klokker vidt om verda kime
mildt til alle hjarto ned.
I vår Frelsars fødselstime
arme jord, ha jolefred!
Fader, send din fred til alle
dei som sit i sorg og sut.
Ljose himmelklokker kalle
dei frå lidingsnatta ut.
Glade ring, glade ring, joleklokker!
Englar i det høge stig.
Glade ring, glade ring, joleklokker!
Fredens bod til verdi sig.